torsdag 13. mars 2008

Mitt forvirra møte med Library Thing (Ting 11)

Har registrert meg på Library Thing. Det gjekk greitt. Men så fekk eg problem med å finne bøker å legge inn i biblioteket mitt. Fyrst kom eg inn i eit skjema der ein måtte importere filer frå Amazon eller liknande, med isbn-nummer. Eg greidde - ikkje veit eg korleis - å importere filer frå ynskjelista mi på Amazon. (Seinare oppdaga eg at ein eigentleg ikkje skal vere innlogga der for å importere desse titlane.)

Så kom eg borti ein knapp der ein kunne vise nokre bokhyller. DÅ var det det skumle skjedde: eg fekk sjå bøkene til ein person som heitte Livia Llewellyn! Og det liknar jo til forveksling på namnet til min Second Life-avatar... uææææ.

Okei, til slutt kom eg inn på ei litt enklare søkjeside der eg kunne søkje på tittel eller forfattar, utan isbn-nummer. Fann ein fem titlar. Så kom det plutseleg inn fleire titlar av seg sjølv, kanskje frå Amazon? Tør ikkje tenke på korleis biblioteket mitt ser ut neste gong eg loggar meg inn...det må vel litt hyllerydding til, tenkjer eg.

Trur nok ikkje at eg kjem til å bruke Library Thing til vanleg. Eg har eit eige system med "interne" bokmeldingar, opplysningar lagt inn på http://www.aalbibliotek.no/Boklister/godeboker.htm - og så Facebook sine Ireads då.
Men Livia har iallfall hatt bruk for det! Tenke seg til, fleire tusen bøker i samlinga.

1 kommentar:

Jannicke Røgler sa...

Hei!
Høres ut som det skjedde litt av hvert på Library Thing. Har alltid hatt problemer mot NB sin base. Har aldri klart å importere noe derfra.
Jannicke