fredag 29. februar 2008

Flickr-bilete (Ting 5)


Historiekrok
Originally uploaded by Smurfen2
Prøve! No har eg endeleg fått publisert eit bilete frå Flickr på bloggen.

tirsdag 26. februar 2008

Wiki - eg er i gang! (Ting 7)

No har eg verkeleg kome inn i det. Stakk innom wikien til 23ting og registrerte meg. La inn innlegg om ei bok eg har lese, og laga ei side sjølv (Lesesmurfens side).
Dette er jo ein ganske så effektiv måte å kommunisere på. Tenk at me lagar eit nettsted saman:)
Forsåvidt liknar dette litt på "vanlege" nettstader der ein kan kome med kommentarar til nyhende, artiklar osv., men på wikien kan ein styre korleis innlegget skal sjå ut.

Vennested (Ting 6)

Har vore inne på MySpace og sett. Interessant.
Eg har frå før av Facebook-konto, berre søk meg opp!
Vennested er ein flott måte å bli kjent med gamle kjenningar på, og få vite meir om dei. Eg har nettopp meldt meg inn i gruppa for barne- og ungdomsskulen som eg gjekk på for ca tjue år sidan. Og tru det eller ei: eg hugsar mange av dei andre i gruppa:)

- Og så har eg no blitt med i 23ting-gruppa (29. februar).

Flickr (Ting 5)

Kjekt å starte med Flickr. Forstår at dette er noko stort... og at eg, viss eg vil, kan sitte med "personlege oppgåver" på pcen heile dagen:)
La ut eit bilde frå historiekroken vår (utan å spørje sjefen riktignok!), og inviterte ein kollega til å bli med.
Men: det tek visst litt tid før biletet blir søkbart. Får prøve igjen i morgon.

torsdag 21. februar 2008

Meir om GoogleTalk (Ting 4)

Har no prøvd fildeling, som det har vore så mykje snakk om... sendte eit bilete og ei tekstfil til ein kollega via GoogleTalk, og det gjekk greitt. Fekk opp chat-historia i Gmail, det er òg nyttig!

fredag 15. februar 2008

Instant Messaging (Ting 4)

Dette går radig du! No har eg lasta ned msn og Google Talk, og invitert andre til å vere med på prating. Hadde msn heime frå før, men Google Talk ser endå enklare ut, og utan reklame og andre duppedittar. Det enkle er ofte det beste:)

tirsdag 12. februar 2008

No har eg òg begynt å bruke RSS! (Ting 3)

Hoppa i det. Veit ikkje heilt teorien bak enno, men har fått meg ei Google Reader-side. Artig! Har før hatt nokre bloggar lagra som favorittar i lesaren, men her får eg alt på eit brett. Eg har sjølvsagt "23 ting om 2 null" og nokre interne kursbloggar, og i tillegg bloggane til Eirik Newth og Eli Frisvold. Det er greitt til no! Det hadde vore ein fordel å slippe å logge seg inn kvar gong, men me skal seinare lære om startsider - kanskje det er noko?
Artig å vere med på dette. Og viss du les dette, Jannicke, så skal du vite at det berre er kjekt å kunne hjelpe:) Det kjem ikkje til å ta så lang tid før eg sjølv er ute på upløygd mark.

mandag 11. februar 2008

RSS-feed (Ting 3)

No har eg jammen meg prøvd RSS! Har fått meg konto på Google Reader, og abonnerer no på 7 sider.

Hei og hå! (Ting 1 og 2)

Fyrste samling i 23ting, på Gol. Dette blir spennande! Og dette er mitt fyrste innlegg.