mandag 7. april 2008

Vegen framover

Kva for ting kjem eg til å bruke når dette kurset er ferdig?
- irc (msn messenger)
- rss (Google Reader)
- personleg framside, trur eg (iGoogle)
- blogging (har eigen litteraturblogg)
- YouTube
- mashups (det derre kartet var veldig interessant!)
- wiki (fan av Wikipedia)
- Facebook (som dekkjer mine behov for bokmeldingar/bokfellesskap, sosialt fellesskap og posting av diverse lure ting - så lenge sida varer:()

I tillegg kjem eg nok kanskje til å bruke sosiale bokmerke (delicious), wepapplikasjonar (Google Docs) - og kanskje eg vågar meg inn på Second Life no og då... I tillegg var dei bilderedigeringssidene veldig fine.

Alt i alt var det lite av det eg ikkje kunne frå før som eg fann så interessant at eg vil ta det i bruk vidare.
Men eg ville ikkje vore kurset forutan.

fredag 4. april 2008

Det nærmar seg... (Ting 20 og så 21...)

Tenk så mykje eg har lært på dei vekene kurset har vart. Eg har jo visst at det var eit konglomerat av nettstader og funksjonar på webben, men SÅ mange..? Og så sjølvsagte i det moderne it-samfunnet.
Praktisk - at ein lærar kan bruke Google Doc eller liknande i undervisninga. Må elevane i så fall ha Google-konto, det lurar eg på... Skulle gjerne sett dette i funksjon! Var så vidt innom og såg døme på undervisningsprogram.
Kan ein på ein enkel måte lage eit "bli kjent med biblioteket-program", tru?

På lista over Web 2.0 awards var det masse sider eg ikkje kjende, men også - jippi - fleire av dei eg no har vore igjennom. Eg går ikkje inn på dei ulike sidene, ser berre på namna som døme på trådene i det STORE nettet me alle heng meir eller mindre fast i!

Lurer på kva eg kjem til å bruke av desse 20 tinga vidare. Time will show.

GoogleDocs (Ting 18)

Hei hu kor det går.
Har no laga mitt fyrste dokument i Google Docs. Rart å tenkje på at denne funksjonen faktisk kan erstatte både minnepennar og dokumentvedlegg til epost etter kvart!

Origo (Ting17)

Har no registrert meg (ja, her òg!) på Origo. Har sendt ein førespurnad om venskap og lagt inn eit arrangement. Det gjekk fint!
Eg kjem nok til å vurdere alle medlemsskapa eg har her og der etter kursslutt. Ein kan ikkje sitje med pcen heile dagen:) No, til dømes, burde eg ha vore ute i den fine sola.

Mirakuløse mashups! (Ting 16)

Eg vart heilfrelst på nokre mashup-sider frå Mashup Awards: Flickrspy, Mapdango (der eg søkte på min native town) og Imusic (der eg sjølvsagt søkte på a-ha). Med omsyn til den siste: det er ofte musikkartistar eg er ute etter når eg er inne på YouTube. Så dette var eit flott verkty!
Så mashups kan altså vere både gøy og nyttig.

Brukte forresten delicious til å lagre mashups-urlane undervegs. Veldig praktisch.

Meir leik med bilete (Ting 15)


Forelska meg heilt i sidene der ein kan redigere bilete.
Her er eit døme frå den kjempeartige txt2pic, der ein kan bytte ut tekst til mange forskjellige motiv!
Eg prøvde ein slags teikneseriefunksjon på bighugelabs, men det gjekk visst ikkje.

Press card (Ting 15)


No har eg fått mitt eige pressekort, laga på bighugelabs! Har skrive det ut og laminert det. Skal prøve det neste gong eg vil gå gratis på ein konsert...