tirsdag 25. mars 2008

Not rolling (Ting 13)

Eg finn ut at eg ikkje vil Rolle på Rollyo. Skjøner ikkje heilt vitsen - overlappar ikkje dette dei sosiale bokmerka? Kan ein ikkje bruke Google eller andre generelle søkjemotorar?
Det måtte vere viss det er sære, ukjente sider ein vil søkje i. Men for at det skal bli ei ordentleg søkjeteneste må ein jo ha mange sider...
Fall altså ikkje for denne. Men det er det sikkert andre som gjer!

Delicious bookmarks! (Ting 12)

No er eg inne i verda til dei sosiale bokmerka. Har funne to bokmerke (heimesida til Ål bibliotek + NRK) og lagt dei inn, etter installasjonen av del.icio.us-buttonen. Og så trur eg kanskje at eg har fått Jannicke i nettverket mitt? Dette må du sjekke... eg heiter autumnday77. Eg berre søkte på Jannicke, og bokmerka såg ut som om dei kunne vere dine.
Uansett.
Lurte litt på kor naudsynt dette var, men det ser praktisk ut!
- Prøvde meg òg på Blinklist, men der skulle ein registrere seg for å få fleire hundre dollar hjå ein lokal butikk eller lignande. Høyrdest suspekt ut. Så sjølv om del.icio.us verkar kjedeleg trur eg at eg hamnar her!

fredag 14. mars 2008

Library Thing ein gong til! (Ting 11)

No greidde eg endeleg å få Library Thing-lista mi inn på bloggen! Det var ei lenkje på profilen min som heitte "Put your library on your blog". Så kopierte eg html-koden og limte han inn i nytt sideelement: innmatingsfil.
Voila!

Men dessverre har lysbileta forsvunne. Veit ikkje kvifor.

torsdag 13. mars 2008

Mitt forvirra møte med Library Thing (Ting 11)

Har registrert meg på Library Thing. Det gjekk greitt. Men så fekk eg problem med å finne bøker å legge inn i biblioteket mitt. Fyrst kom eg inn i eit skjema der ein måtte importere filer frå Amazon eller liknande, med isbn-nummer. Eg greidde - ikkje veit eg korleis - å importere filer frå ynskjelista mi på Amazon. (Seinare oppdaga eg at ein eigentleg ikkje skal vere innlogga der for å importere desse titlane.)

Så kom eg borti ein knapp der ein kunne vise nokre bokhyller. DÅ var det det skumle skjedde: eg fekk sjå bøkene til ein person som heitte Livia Llewellyn! Og det liknar jo til forveksling på namnet til min Second Life-avatar... uææææ.

Okei, til slutt kom eg inn på ei litt enklare søkjeside der eg kunne søkje på tittel eller forfattar, utan isbn-nummer. Fann ein fem titlar. Så kom det plutseleg inn fleire titlar av seg sjølv, kanskje frå Amazon? Tør ikkje tenke på korleis biblioteket mitt ser ut neste gong eg loggar meg inn...det må vel litt hyllerydding til, tenkjer eg.

Trur nok ikkje at eg kjem til å bruke Library Thing til vanleg. Eg har eit eige system med "interne" bokmeldingar, opplysningar lagt inn på http://www.aalbibliotek.no/Boklister/godeboker.htm - og så Facebook sine Ireads då.
Men Livia har iallfall hatt bruk for det! Tenke seg til, fleire tusen bøker i samlinga.

Meet Leaves Llewellyn! (Ting 19)

Eg greidde ikkje å styre meg. Måtte berre prøve Second Life med ein gong! Eg registrerte meg, lasta ned program på maskinen heime,og har no vore inne på Orientation Island. Endra utsjånaden på den godaste Leaves. Førebels er det nok.
Eg lurer litt på korleis eg skal finne t.d. Vestfold fylkesbibliotek. Har dei også eit spesielt avatar-namn?

Noko litt skummelt hendte då eg hadde registrert meg på Library Thing (sjå neste innlegg!)

tirsdag 4. mars 2008

Personleg startside (Ting 14)

No har eg fått meg ei personleg startside: Igoogle, med tilpassa layout og innhald: Gmail (sjølvsagt!), Google Reader, YouTube, Harry Potter-nyhende (prøvde med podcast, men det gjekk ikkje...), Wikipedia og nyhende frå Dagbladet. Og så ein flott kalendar, då.
Kunne fått inn Facebook òg, men det får vere måte på...
Artig å sjå at det har gått rykte om at J.K. Rowling er på MySpace, Beno eller liknande (det er ho altså ikkje) ... tenk viss eg kunne bli venn med henne!
Har enno ikkje gjort iGoogle til startsida på maskinen min, me får sjå om det skjer.

mandag 3. mars 2008

Podcast (Ting 8)

No har eg fått abonnement på to podcastar frå NRK (Boktilsynet og Filmmagasinet). Så då kan eg høyre på radioprogram via Google Reader!

Touchy på YouTube (Ting 9)



Artig, denne? Mimring frå mine ungdomsdagar.
Har brukt YouTube masse lenge, kjende meg att då Jannicke sa at ein kan sitje heile tida og sjå på nettsida.

Bilete på RSS (Ting 3 og 5)

No har eg også greidd å abonnere på mine eigne Flickr-bilete i Google Reader! Artig!
Eg er forresten Smurfen2 på Flickr.
I tillegg har eg lagt RSS (Dagbladet.no) inn på denne bloggen (sjå til venstre).