tirsdag 25. mars 2008

Delicious bookmarks! (Ting 12)

No er eg inne i verda til dei sosiale bokmerka. Har funne to bokmerke (heimesida til Ål bibliotek + NRK) og lagt dei inn, etter installasjonen av del.icio.us-buttonen. Og så trur eg kanskje at eg har fått Jannicke i nettverket mitt? Dette må du sjekke... eg heiter autumnday77. Eg berre søkte på Jannicke, og bokmerka såg ut som om dei kunne vere dine.
Uansett.
Lurte litt på kor naudsynt dette var, men det ser praktisk ut!
- Prøvde meg òg på Blinklist, men der skulle ein registrere seg for å få fleire hundre dollar hjå ein lokal butikk eller lignande. Høyrdest suspekt ut. Så sjølv om del.icio.us verkar kjedeleg trur eg at eg hamnar her!

Ingen kommentarer: